For ikkje så lenge sidan fekk elevane i 1. klasse på ‘Design og Håndverk’ avdelinga ei oppgåve i grafisk design. Sjå oppgåvebeskriving her. Utgangspunktet var 2 motsatte ord (til dømes: klossete – elegant) og til kvart av orda fekk dei lage 2 ulike abstrakte, svart-kvit komposisjonar samansett av skrift og form. Ved hjelp av symmetrisk og asymmetrisk balanse i dei typografiske arrangementa skulle dei prøve å vise korleis orda blir tolka.

I gang med arbeidet

Sjølv om ein del av oppgåva vart gjort på data (begge ord fekk dei skrive inn i eit Word-dokument, der dei måtte velge ut ein skrifttype som dei syntast passa best til tydinga til orda), jobba dei hovudsakeleg med papir, saks og lim. Dei skreiv ut begge ord og bokstavane blei klippa frå kvarandre. Neste steg var å finne på 10 non-figurative former til kvart av orda, som dei måtte klippa ut i svart papir. På eit kvitt A4-ark skulle dei deretter teikne opp ei ramme med svart tusjpenn. Ramma behøvde ikkje vere eit rektangel eller eit kvadrat, men kunne ha kva form som helst. Med desse elementa: bokstavane, 10 svarte former og ei ramme til kvart ark, kunne dei setje i gong med å setje saman komposisjonane. Men  eg var nødt til å stoppe opp arbeidet då overalt dukka opp hjerter, stjerner og smilefjes.

Ei for stor utfordring?

Korleis skape ein non-figurativ form? Innanfor eit kvadrat til 5 cm2 skulle dei teikne opp ein form for så å klippe den ut. Eg viste korleis dei kunne brette kvadratet i midten og så teikne opp eller klippe ut ei tilfeldig bølgjete eller kantete linje, ovanfrå og nedover. Viss dei skulle brette open kvadratet, fekk dei ei abstrakt form. Dette er sjølvsagt berre ein måte å gjere det på.

Neste utfordring var å plassere desse formene i samanheng med bokstavane og ramma slik at det skulle bli eit visuelt uttrykk for dei orda dei hadde valt. Dei fleste klarte ikkje å omsetje omgrep som til dømes, spennande og elegant, feig og modig eller travel og roleg til noko abstrakt. At ramma var av stor betydning her og kunne hjelpe til å lage ein meiningsfull komposisjon skjønte dei ikkje. Timen var slutt då og klokka nesten 15.00, så vi reiste heim og eg begynte å tenkje, korleis eg kunne lære dei å tenkje i non-figurative førestillingar.

Musklar og ein vilje

No er eg så heldig å ha 2 klasser på DH-avdelinga, så veka etter starta eg i den andre klassa med ei slags ‘warming-up’ oppgåve som gjekk akkurat ut på det å arbeide med å lage ei abstrakt førestilling av eit ord. Dei fekk jobbe to og to og kvar par fekk eit A4-ark og 10 svarte strimlar.  Alle måtte teikne opp ei ramma nokre cm frå kantene med tusj. Så gjekk eg rundt med ein boks med fleire samanbretta lappar oppi. På kvar lapp hadde eg skrive eit ord som til dømes: stille, varme, glede, sinne, ro, sjenert etc. Med auga lukka fekk dei ta ut ein lapp og etter å ha lest den, levere den inn til meg igjen. Ingen fekk lov å snakke med dei andre i klasse. Oppgåva var å plassere strimlane innanfor ramma på ein slik måte at dei andre seinare kunne gjette kva for ord vart utgangspunktet for komposisjonen. Det med boksen og plukke ut ein lapp med auga lukka (usikkertheit, tilfeldigheit) var midt i blinken og med ein gong var dei fokuserte og veldig gira på å løyse denne problemstillinga. Likevel var det ei stor utfordring. For å hjelpe dei på gong spurte eg korleis dei følte seg når dei var sjenerte, sinte, eller glad. Kva gjer vi då med kroppen vår, kva for geberder passar til ein viss situasjon eller følelse, kva haldning? Eg oppmunntra dei til å innta slike haldningar. Kva opplever vi når det er ro? Når vi er trøtte? Kva har vi lyst å gjere då? Kva når noko er spennande? Prøv så å førestille deg at strimlane er ein person med musklar og ein vilje og ramma er eit rom eller eit utsnitt av ein landskap. Kanskje dei kunne førestille seg det motsatte av ordet og stille seg dei same spørsmåla. Kva er forskjellen?

Vurdering av arbeidet

Eg utfordra dei å prøve ut fleire ulike komposisjonar, kva var den beste og kvifor? Til slutt fekk dei lime fast alle strimlar og vi samlar oss rundt arbeida som vi hadde lagt på golvet. Alle var veldig engasjerte og prøvde å gjette kva ordet dei andre hadde plukka opp frå boksen. Nokre hadde laga ein eintydig og klar komposisjon, andre kunne ha gjort det annleis kanskje, og elevane fekk gjere forslag, som vi diskuterte.

Dette opplegget var for meg ei utruleg kjekk oppleving og eg er heilt sikkert på at dette gjaldt for dei fleste. I denne timen hadde dei lært noko nytt på ein litt spesiell måte, med berre 10 svarte strimlar, eit ark med ramme på og eit ord som materiale. Nedanfor eit av arbeida til elevane:

Arbeid til ein av elevane

Arbeid til ein av elevane

Ken Robinson (her er hans offisielle heimesida) heldt eit føredrag i 2006, som er ein forsvarstale for kreativitet i undervisninga. Han seier at skulesystemet vårt (verden over) dreper kreativiteten i våre barn. “We educate our children out of creativity.”  Han set ord på akkurat det eg ser igjen og igjen når eg står framfor ei klasse som formgjevingslærar og opplever at dei fleste elevane ikkje har noko sjølvtillit når dei skal oppfinne og oppdage ting sjølve, når det er usikkert kva resultatet blir, når eg tillater dei å ta feil, når det er lov å eksperimentere, å prøve ut, å mimre, fomle, kludre, fikle og pusle med materiale og formgjevingsverkemidlar. Det er veldig vanskeleg å få dei til å arbeide med ideutvikling, som om dei ikkje har noko idear sjølve. For dei fleste elevane er dette ukjent terreng, dei har rett og slett ikkje noko peiling korleis ta fat i sånt. For evna til å utvikle originale tanker og idear er der,  men fullstendig stivna. Helst skulle dei ha hatt ‘ferdig til bruk’ svar av meg heile tida, slik at dei iallefall får ein god karakter for oppgåvene, men framfor alt ikkje tabbe seg ut. Eg føler at elevane har eit veldig stort behov for å lære korleis dei skal løyse slike problemstillingar. Ikkje berre problemstillingar som har med form, farge, komposisjon og design å gjere. Det gjelder undervisning i kreativ tenkning i det heile: det gjelder ideutvikling i alle fag, på alle område. Å kunne vere kreativ i matte til dømes eller i språkfag.

Her ligg ei utfordring for meg og heilt sikkert for fleire av oss: korleis undervise kreativitet? For eg er heilt overtydd om at dette er noko som kan undervisast, vi kan lære andre korleis å vere kreativ, oppfinnsam, få idear, bruke fantasien. Vi kan vise elevane at det å ta feil ikkje er farleg, men tvert imot, at det er då når du ikkje veit svaret, når ting er usikkert, at det er berre slik noko tilfeldig kan komme opp, noko uventa og spennande kan skje, noko som er bra kanskje og bør brukast og utarbeidast vidare. Det er utviklingsprosessen som må stå i fokus, ikkje det ferdige produktet. Eg vil at elevane ikkje lenger er redde for å utforske grenser og for å ta risikoar. Men kanskje synest de at eg er for ambisiøst no?  Eller er det fleire av de som kjenner dette igjen? Eg er iallefall veldig glad at eg snubla over denne videoen då eg googla ordet ‘creativity’ på nettet. Han er inspirerende og er for meg ei enorm oppmuntring å fortsette med det eg allereie har sett i gong med: lage øvingar og oppgåver der elevane blir utfordra og pirra til å bruke fantasien sine. Skape ein atmosfære i klasse der dei føler seg trygge til å vere seg sjølve og der dei får rom til å prøve ut mest mulig. At ikkje noko er rart, jo rarare jo betre!, og at vi kan lære av kvarandre gjennom å snakke etterpå om det som blei laga og gjort.

Ken Robinson: “There is a paradox. Most children think they’re highly creative: most adults think they’re not. What happens to them as they grow up? Throughout the world, companies and organizations are trying to compete in a world of economic and technological change that is moving faster than ever. They urgently need people who are creative, innovative and flexible. Too often they can’t find them. Why not, and what should be done about it? ‘Out of Our Minds: Learning to be Creative’,  (Wiley/Capstone, 2006) addresses three vital questions for everyone who has a serious interest in creativity and innovation.
Why is it essential to promote creativity? Organizations everywhere are concerned as never before with promoting creativity and innovation. Why is this so important?
What’s the problem? Why do so many adults think they’re not very creative (and not very intelligent)? How do we lose the confidence to be creative?
What should be done? Is everyone creative or just a select few? Can creativity be developed? If so, how?” .

Neste føredrag eg fann heldt han i samband med lanseringa av hans siste bok:  ‘The Element’ (januari, 2009)

“This groundbreaking and inspirational book argues that organizations everywhere are trying to fix a problem that originates in schools and universities. Many people leave education with no idea what their real creative abilities are. In a powerful and original way, he says why this is and what organizations and individuals can do immediately to recover their creative talents. He argues too for radical changes in how we should think about our own intelligence and creativity- and in how we should educate our children and each other to meet the extraordinary challenges of living and working in the 21st century.

The Element is the place where passion and skill meet. People find The Element when they engage in the thing that they love that they are also especially good at doing. This leads to more than just a sense of personal satisfaction. Being in The Element insulates people against unpredictable changes and leads to a more flexible and productive society. The new paradigm of The Element has a profound impact on education, corporations, organizations, and, especially individuals. It is available to every person who knows how to find it. The Element is an enlightening tour through this new paradigm. Illustrated by stories, many based on exclusive interviews, of celebrities, entrepreneurs, scientists, and other highly accomplished people who have found The Element, it is as entertaining as it is profound. “

Her, på  ’Wordia’ ei  forklaring av Anthony Browne, kjent britisk forfattar og illustratør.

Ein annan interessant bidrag (25 min.) er frå Amy Tan, amerikans-kinesisk forfattar (‘Å redde fisk fra å drukne’, 2007 og  ‘Beindokterens datter’, 2008), som her utvidar om den kreative prosessen i samanheng med forfattarskapen hennar. Nokre stikkord i førelesninga er questioning (stille spørsmål),  uncertainty (usikkerhet), fokus, filter, to imagine (å førestelle seg), random (tilfeldig).

Skulle gjerne undersøkje i lag med andre formgjevings-  kunst- og designlærarar, kva det vil seie å undervise kreativitet. Teaching creativity. Kanskje eg kan ta desse setningar som motto til bloggen min:

Sometimes we see a cloud that’s dragonish;

A vapour sometimes like a bear or lion,

A tower’ d citadel, a pendent rock,

A forked mountain, or blue promontory

With trees upon’t, that nod unto the world,

And mock our eyes with air…

Shakespeare, Anthony and Cleopatra

Nedanfor eit døme av ei sky eg har lagt merke til sist sommar, synest den var veldig artig og måtte berre ta eit bilde.

Bilde 293

Er det ikkje slik det begynner, små barn som ser på skyene og som brukar ubevist og heilt naturleg sin kreativitet når dei kjenner igjen allslags fantastiske former og vesen opp i himmelen. Eg har lagt merke til at i dei klassene eg underviser til no for tida, mykje av den fantasien er borte. Kva har hendt og korleis kan eg få den fram igjen? Skal eg gå ut med dei for å sjå på himmelen eller finst det fleire måtar å arbeide med denne problemstillinga?

Her kan du sjå fleire skyer eg har samla på i løpet av dei siste åra.

Ja, dette blir spennande, skrive blog for fyste gong. Det er berre å prøve ut!

Her ser du meg, allereie for 41 år sidan, eksperimentering med Niveakrem. Monique

nivea

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.